May 2010

Evaluering av det frivillige arbeidet i Rødtvet menighet

Staben og MR ynskjer å sette fokus på det store frivillige arbeidet som blir gjort i Rødtvet menighet. Kvar og ein av dykk gjer ein uvurderleg innsats for at alle dei ulike menighetsaktivitetane skal kunne leve. Og den frivillige innsatsen kjem til å bli endå meir viktig i framtida. Det er viktig for oss at de føler at den frivillige tjenesta er meiningsfylt og me vil gjerne vite om det er noko me kan gjere for å oppretthalde det som er bra og bli endå betre. Me ville difor setje stor pris på om du ville ta deg tid til å svare på spørsmåla under. Svara vil vere ei hjelp i det vidare arbeidet og vil bli oppbevart av menighetsforvalter.

1)      Kva engasjerer deg? Kva likar du å gjere?
2)      Er oppgåva di godt nok definert og forklart?

Nytt frå Rødtvet kirke

Skogen er grøn og sola skin og då veit me at det nærmar seg kirkebakkefest! Det er den 6. juni. Me feirar skaparverkets dag i gudstenesta og på kirkebakken blir det mellom anna avskjed med Kåre som flyttar til fjellheimen.
 
Men det er gudsteneste no til søndag også. Gudstenesta vil ha preg frå Taizé, det blir dåp og dei som har gjennomført leiartreningskurs får sine kursbevis.Stor stas med andre ord, så kom til kyrkja!
 
Viktig info: Den nemnde frivilligfesten 31. mai har blitt utsatt til over sommaren. Eg vil tru ny dato blir i midten av oktober, men informasjon om dette vil kome. Mandag er det imidlertid framleis duka for kompiskveld og grilling på kirkebakken og alle er sjølvsagt hjarteleg velkomne til å bli med på dét. Det startar kl. 16.30.
 
To spørsmål frå Aslaug:

Fulle hus under Grorudhimmel