Vårnytt frå VOX
Sangkoret VOX er godt inne i vårsemesteret og øver for fullt på nytt stoff til ulike framføringar utover våren og forsommaren. Vi ønskjer her å gi lesarane av Kirkeposten ein liten oversikt.
Alt 10. mars er koret invitert til å syngje på ”Allsang i kjerka” i Grorud kirke. Her blir det god anledning for publikum til å delta, og det blir mange kjende og kjære songar.
21. april arrangerer VOX kortreff i Rødtvet kirke. Vi har med oss Lørenskog Damekor og Nordlændingenes Forenings kor.
Vidare utover våren vil de få høyre koret på gudstjenester i Rødtvet kirke både 25. april og 6. juni.
9. mai inviterer menighetene i distriktet alle groruddøler til Grorud kirke, til eit prosjekt dei kallar ”GrorudHIMMEL”. Det vil bli mykje song og musikk og VOX er med.
30. mai flyttar vi oss vidare oppover dalen og syng på gudstjeneste i Stovner kirke.
Musikkens dag har i mange år blitt markert over heile landet første laurdag i juni. Dette er eit arrangement i regi av Norges Korforbund og samarbeidande musikkorganisasjonar. Her i vår by blir det kalla Musikkfest Oslo. Det blir scener over heile byen der du kan høyre ulike arter musikk, noko for einkvar smak. Songkora har fått tildelt utescenen på St.Hanshaugen, og her møtest mange kor frå ulike kantar av Oslo og Akeshus. Du får også høyre Sangkoret VOX om du tek turen til ”Hauen” 5. juni. Det er gratis inngang og god plass. Vi kan love mange flotte kor og ein festleg dag. Her kan du nyte flott sang og musikk og medbrakt picknik på plenen i den flotte parken.
Likar du å høyre gladsang, så noter datoane og ta ein tur. Skulle du har lyst og tid til å bli korsangar, er det hyggjeleg om du tek kontakt med leiar i koret Berit Tviberg tlf. 92400124 eller nokon du kjenner som syng i VOX.
- logg på for å skrive kommentarer