No livnar det i lundar...skriv forvaltar Siv

Påska står for døra og våren berre trippar etter å sleppe ut.
Eg tenkte det kunne vere greit å sende ut bittelitt info om påska og tida som kjem etter.
Oversikt over alle gudstenestene i påska er slått opp i våpenhuset og er også tilgjengeleg på ein liten såkalt flyer. Dei er også registrert på kirken.no/rodtvet.
Menighetskontoret vil vere betjent man, tirs og ons komande veke.

Nokre datoar som er verdt å merke seg etter påske:
28. april: Dugnad (diverse rydding og fiksing ute og inne, vonar å få malt muren nedanfor plassen (den kvite) o.l.)
31. mai: Frivilligfest med lav terskel. Grilling på plassen i samarbeid med barnekora og underhaldning i kirkestua etterpå. Meir detaljert invitasjon kjem over påske, men sett av datoen.
6. juni: Skaperverkets dag og kirkebakkefest. Avskjed med Kåre.

Og så må eg jo hugse å informere om at soknepreststillinga er lyst ut i dag og at tilsetjingsprosessen kjem til å gå sin gang utover våren med planlagt tilsetjing i bispedømmerådet 7. juni.

Det er sikkert mykje anna eg kunne sagt også, men eg trur eg skal avgrense det til å ynskje dykk alle ei retteleg god og velsigna påske!
Venleg helsing
Siv Havåg
Menighetsforvalter/ dagleg leiar, Rødtvet menighet
tlf.: 23629662