Nytt frå Rødtvet kirke
Skogen er grøn og sola skin og då veit me at det nærmar seg kirkebakkefest! Det er den 6. juni. Me feirar skaparverkets dag i gudstenesta og på kirkebakken blir det mellom anna avskjed med Kåre som flyttar til fjellheimen.
Men det er gudsteneste no til søndag også. Gudstenesta vil ha preg frå Taizé, det blir dåp og dei som har gjennomført leiartreningskurs får sine kursbevis.Stor stas med andre ord, så kom til kyrkja!
Viktig info: Den nemnde frivilligfesten 31. mai har blitt utsatt til over sommaren. Eg vil tru ny dato blir i midten av oktober, men informasjon om dette vil kome. Mandag er det imidlertid framleis duka for kompiskveld og grilling på kirkebakken og alle er sjølvsagt hjarteleg velkomne til å bli med på dét. Det startar kl. 16.30.
To spørsmål frå Aslaug:
1) Er det fleire som har lyst til å vere kirkekaffevert? Desse har eit særskilt ansvar for å sjå nye på kyrkjekaffe'n.
2) Assistenten til Aslaug skal ha svangerskapspermisjon og Aslaug må sjølv rekruttere vikar. Er det nokon som veit om nokon som kunne tenkje seg eit slikt vikariat? Det er snakk om 50% og i underkant av eitt år med oppstart i september. Ta kontakt med Aslaug om det er spørsmål eller tips.
- logg på for å skrive kommentarer