VOX FEIRA SINE 30 ÅR

Konserten på søndag sette punktum for 30-årsfeiringa for Sangkoret VOX. Eit stort publikum hadde funne vegen og vart ønskt velkommen til ei vakker pynta kyrkje og eit forventningsfullt kor som hadde brukt heile hausten til å øve inn jubileumsprogrammet. Og dei gav av sitt beste i lag med dyktige musikarar og vokalist i gruppa Vintermåne og barn frå Rødtvet skoles Sangkor.
Tema for konserten var songar om Håp og Fred og koret opna med Blix-salmen ”Kling no klokka, ring og lokka frå tusund tårn” og minna om at det snart er høgtid ny. Dirigenten Marianne Oulie Wiik hadde sett saman eit innhaldsrikt program med vakre songar og salmar frå ulike verdenshjørne. Innimellom songane framførde medlemmer frå koret dikt og tekster med innhald til ettertanke.
Samspelet med Vintermåne, ei profesjonell gruppe, var med og gav eit løft for koristane, samtidig som koret kunne vere med å gi gruppa innspel til eit anna musikalsk uttrykk. Gruppa improviserte ein god del og det blei ei utfordring både for dirigent og kor, og resultatet blei ein spenstig konsert. Perkusjonisten Eivind Dahl hadde ein særprega måte å variere lydbildet på slagverk og gav publikum spennande element i sine innslag.
Vox hadde, som for 30 år sidan, invitert Rødtvet Skoles Sangkor som gjestekor, denne gongen med dirigent Ellen Leikvang Blegen. I sine vakre kordrakter og klare reine stemmer, var det ei glede å høyre og sjå skolekoret. Dei song litt i lag med VOX og framførde også ein eigen song med tekst som var laga av to av barna. Apropos; Ellen har sitt utspring frå same barnekoret og har vidare vore medlem av VOX i 30 år!
Det blei og anledning til ein pause i kafeen der praten gjekk livleg over ein kopp kaffi og heimebakte kaker. Inntektene frå denne omsetninga er VOX si jubileumsgåve til Rødtvet kirke, øyremerka eit misjonsprosjekt i Kina som menigheita støttar.
Rødtvet Skoles Sangkor gratulerte jubilanten og overrekte blomster.
Fellesnummeret med publikum ”I natt jag drømde; …det var fred på jord och alla krig var slut” let vi stå som det største ønsket for framtida og nye år for Sangkoret VOX, folket i dalen og verda rundt.
Konserten blei avslutta med ”Glade jol, heilage jol”, framført av Anne Klykken Gravir og Vox som nynnekor. Det blei ein himmelsk stemning som var god å ta med ut i vinterkvelden. Vi håpar at tonane kan summe lenge under kvelvingen i kyrkja og i sinnet til både aktørar og publikum og minne om ein varm og vakker jubileumskonsert.
- logg på for å skrive kommentarer