Trusopplæring:

I mai fekk me beskjed om at Østre Aker prosti får opptrappingsmidlar i haust. Dette betyr at alle menigheitene får tildelt trusopplæringsmidlar ca etter antall døpte hode i soknet. Det betyr også at prosjektet i Rødtvet kirke er inne i sitt siste halvår - etter nyttår får Rødtvet tildeleing på lik linje med alle dei andre. For å få nok pengar til å lønne trusopplæringspersonar, er prostiet delt inn i samarbeidseiningar. Desse blir klare i sllutten av august, men me har allereie ei fungerande eining og denne består. Det betyr at etter nyttår jobbar Thomas i samarbeidseininga ( Rødtvet, Bredtvet, Romsås og Grorud) og ikkje berre i Rødtvet. Allereie i starten av september er det møte i eit flunkande nytt barne- og ungdomsråd med representantar frå dei fire menigheitene, stab og frivillige. Dette rådet er tenkt å skulle administrere trusopplæringsmidlane og koordinere aktiviteten i samarbeidseininga.
Ganske store forandringar med andre ord. Mange nye utfordringar, men også mange nye moglegskapar.
Siv